|
Informasjon om påmeldingsskjemaet
|
|
Når du trykker lagre vert alle dine endringar oppdatert i påmeldingslista.
Felt som du ikkje har endra vert ignorert, slik at du ikkje risikerer å skrive over svaret til andre på lista;)
Påmeldingsskjemaet vert automatsik lasta på nytt av nettlesaren kvart 10. minutt slik at du skal få med deg endringar.
Berre dei 20 øverste namna vert bevart når ny overskrift vert lagt til. Ubrukte og eventuelle feilskrivne namn vil dermed verte sletta etterkvart. For datanerdar: Namnelista ligg lagra i html-tabellen, saman med status og eit skjult duplikat av status. Ved å samanlikne status ved lagring med status i det skulte feltet vert det klart kva for felt som er endra. Svaret vert sendt til eit cgi-script. Dette trekk ut 'namn', 'endra status' og 'chat' frå skjemaet, før det les noverande 'status' frå nettet og gjer dermed endringane på siste versjon. Til slutt vert den oppdaterte lista lagra i ei html-fil, og ein kopi av denne med stadfesting om endring vert vist på skjerm. Status over antal påmeldte blir også lagra på eit par linjer i ei eiga html-fil som vert fletta inn i hovudsida til FFI-volley. Stig Synnes |